søndag 18. mai 2014

Syttande mai

© Olav Grendstad 2014
 

eg vakna noko tidleg, eg skulle ut å gå
med dress og slips og skjorte, og bestetrusa på
for sånn skal dagen feirast, med finklede og stil
med glimt i augnekroken, med glede og med smil
 
så treff ein masse kjende, og seier gratulerer
jo fleire som ein kjenner, jo meir ein repeterer
med nokon kan ein preike, så hjarteleg og bra
til andre kan ein berre sei hei, og hipp hurra.
 
det kryr av mange menneskje, og det er jammen kjekt
for alle har dei har pynta seg, men med litt ulik vekt
for nokon har stelt timesvis, med kropp og plagg dei går i
mens andre dei har berre tatt og stussa nesehåri
 
og nokon gjeng og kikar, på alt som er ikring
og nokon hastar vidare, mens nokon gjeng i ring
og nokon gjeng og vimar, og nokon gjeng i takt,
og nokon er litt stramme, mens andre gjeng som slakt
 
og nokon gjeng i bunad, og andre gjeng i dress
og nokon gjeng i svime, på grunn av drikkepress
og nokre gjeng i kjole, forutan noko under
(ja, det er det eg ser for meg, i nokre små sekunder)
 
men dagens beste hending, er trass alt likevel
å kome heim til stova, når dagen lir mot kveld
og take av seg dressen, og take av seg sko
og tenkje at den dagen her har faktisk vore god

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar