tirsdag 24. mars 2015

Sørlandsbanedikt

© Olav Grendstad 2015

eg sat på Sørlandsbanen
med hundre tomme seter
og tomme hus langs lina
for kvar ein kilometer

eg sat og las på nettet
om folk som flyktar bort
men ikkje finn eit husvære
og ikkje får transport

nokon sit på toget
og tenkjer høgt og fritt
mens andre på partikontor
dei sit og tenkjer sitt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar